Gud i grunnlova?

«Det er like vanskeleg å tenkja Gud og religion ut av rettshistoria som å frigjera rettshistoria frå økonomi, teknologi, filosofi og andre fundamentale fysiske eller mentale erfaringstypar.»

Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie, juridisk fakultet Universitetet i Bergen.

Dette kan med fyrste augekast sjå ut som ein problematisk påstand. Til dømes kan ein med utbytte lesa den delen av Thomas Aquinas sin filosofi frå siste halvdel av 1200-talet som har direkte relevans for rettstenkinga, sjølv om ein tenkjer Gud ut av hans system. Dette er årsaka til at hans forståing av naturretten kom til å spela ei rolle sjølv på 1600- og 1700-talet, då utgangspunktet for naturrettstenkinga nettopp var at naturretten fanst og var gyldig sjølv om Gud ikkje fanst. Naturretten var ein del av heile opplysningstidsfilosofien, som igjen leiar fram mot Grunnlova av 1814, som dermed burde vera eit sekulært dokument skapt uavhengig av religiøs arv og gudsførestillingar.

Men så enkelt er det ikkje. Årsaka er at Gud og religion var ein integrert del av forståingshorisonten for aktørane innan rettssystemet frå rettsfilosof til lovgjevar og vidare til rettssubjekta. Dette er opplagt når det gjeld Thomas Aquinas og andre rettstenkjarar i mellomalderen, fordi Guds mogelege ikkje-eksistens enno ikkje var eit eigentleg tema. Men det gjeld òg for naturrettstenkjarane etter reformasjonen. Sjølv etter byrjinga av 1700-talet, då ateisme vart eit samfunnsfenomen som fekk merksemd, om det enn ikkje var så omfattande, var religion og førestillingar om Gud eit uttalt bakteppe for rettstenkinga. Så når eidsvollsmennene i mai 1814 i § 2 vedtok at «den evangelisk-lutterske Religion forbliver Statens offentlige Religion», så var det fordi dette var det nest viktigaste konstitusjonelle, og dermed rettslege, prinsippet etter at «Kongeriket Norge er et frit, uafhængigt og udeleligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig-monarkisk.»

Regelen om riket som udeleleg vart henta frå Lex Regia, Kongelova, som hadde vore ei form for grunnlov for det dansknorske riket frå 1665. Det same var tanken om kongen som konge «af Guds Naade», som det heitte i § 81, og kravet om at «Kongen skal stedse have bekjendt og bekjende sig til den evangelisk-lutterske Religion, haandhæve og beskytte denne» i § 15. At ein slik kunne henta reglar frå den eineveldige forfatninga av 1665 inn i den demokratiske av 1814, viser i kor liten grad hendingane i 1814 var utslag av ein revolusjon, sjølv om dei var revolusjonerande. Men dei viser òg i kor liten grad det fann stad ei sekularisering av retten og rettstenkinga i Noreg på 1700-talet fram mot grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll, og i kor liten grad Grunnlova var eit sekulært dokument.

To store endringsperiodar i den norske rettskulturen 

Grunnlova av 1814 vart vedtatt på slutten av den  andre av to store endringsperiodar i den norske rettskulturen si historie.

Fyrste endringsperioden var på 1100- til 1200-talet og gjeld korleis kristne verdiar gradvis erobra det rettslege rommet. Dette gjorde at kongen vart ansvarleg for å verkeleggjera Guds vilje i riket sitt. Klarast ser ein dette av at sjølv den svakaste fekk rettar og vart eit fullverdig samfunnsmedlem gjennom det framveksande statssamfunnet.

Andre endringsperioden var på 1600- til 1700-talet og gjeld korleis Gud gjekk frå å vera ein hærførar i ein kosmisk kamp mot Satan, til å vinna kampen og verta allmektig, for så trekkja seg meir tilbake og overlata mennesket sin daglege velferd meir til staten med sine embetsmennene og institusjonar. Det er denne utviklinga som har gjort det mogeleg å tenkja Gud og religion ut av Grunnlova og grunnlovsarbeidet. Men då tenkjer ein altså bort faktorar som Grunnlova sine eigne paragrafar viser at så absolutt var til stades.

Framveksten av statssamfunnet

Grunnlova av 1814 er ein hjørnestein i den moderne staten. Men statssamfunnet har ei langt leger historie.

Den eldre Gulatingslova er den beste kjelda til dei eldste rettsoppfatningane vi kan finna i skriftlege kjelder i Noreg. Vi har den delvis bevart frå slutten av 1100-talet, men ikkje minst frå eit komplett manuskript frå om lag 1260-talet. Den eldre Gulatingslova tek til med ein kristenrett, som vil seia kyrkjerettslege reglar for dei delane av retten som kyrkja rådde over. Men sjølv om Noreg definitivt hadde vorte kristna før 1260-talet, og sjølv om rettsboka altså tek til med ein kristenrett, hadde dei kristne verdiane enno ikkje fått fullt ut innpass innan retten. Men det skulle dei i større grad få i Frostatingslova, og ikkje minst i Landslova av 1274, som var ei manifestering av det framveksande statssamfunnet.

Den eldre Gulatingslova gjev uttrykk for at den svake – som frigjevne trælar – òg var så rettsleg svak at vedkomande ikkje var noko fullverdig samfunnsmedlem, og at det var den svake sitt eige problem. Dersom ein så vender blikket mot kong Magnus VI Lagabøter si Landslov frå 1274, er situasjonen ein heilt annan. Her heiter det, i Absalon Taranger si omsetjing til riksmål frå 1915, i IX-1:

Nu er det dog at merke, naar en mand stjæler mat, som ikke kan faa arbeide til livsophold, og berger saaledes sit liv under sult, da fortjener det tyveri paa ingen maate revsing (straf).

Den som utan skuld er i ein naudssituasjon, kan straffritt ta det vedkomande treng for å overleva. Av dette følgjer det at ein har ei plikt til å forsørgja den naudlidande heilt uavhengig av relasjon. Eit slikt radikalt skifte i forsørgingsplikta var ei følgje av at kristninga ikkje berre påverka den åndelege sfæren av samfunnet, men for fullt hadde inntatt den verdslege ved framveksten av eit statssamfunn. Ein konsekvens av dette var altså at den svake vert eit samfunnsmedlem med eit minimum av rettar.

I ein tidsperiode der Guds ikkje-eksistens ikkje eigentleg var eit tema, kan det vera kunstig å skilja mellom ein åndeleg og verdsleg sfære i samfunnet. På den andre sida var det slik at den statsmakta som vaks fram i mellomalderen var delt mellom konge og kyrkje, der kongen rådde over den verdslege delen og kyrkja over den åndelege. Dette var heilt i tråd med tosverdslæra til Augustin. I Kongsspegelen, eit danningsverk for kronpretendentar frå om lag 1260, vart denne læra, her i omsetjinga til Anton Wilhelm Brøgger frå 1947/2000, formulert som ei tohuslære:

Gud skapte to hus på jorden, som han valgte til sin tjeneste. Det ene er kirken, og med det navnet kan en kalle dem begge, om en vil. For navnet på kirken blir tydet som tinghus, fordi folk der kommer sammen til møte. Disse to hus er Guds haller, og han har satt to menn til å vokte disse husene. I det ene av disse hallene har han satt sitt bord, og den hallen heter fødenes hus, for der kommer Guds folk sammen for å motta åndelig føde. I den nedre halen har han satt sin hellige domstol, og der kommer folk sammen for å høre Guds hellige dommer bli forklart. Til å vokte disse to hus har han satt to menn, den ene er kongen, og den andre er biskopen.

Kongen er altså satt til å vokte det hellige huset som det hellige setet er satt i, for å vokte Guds hellige dommer. Han skal dømme slik i det legemlige mellom folk, at han kan ta imot den evige sæle.

Både kongen og biskopen forvalta Guds vilje og rett på jorda, og denne oppgåva gav ein kjærkomen legitimitet til den framveksande statsmakta dei begge var ein del av. Dei var òg avhengige av kvarandre i denne fasen av statsdanninga, sidan kyrkja kunne tilby intellektuell makt medan kongen disponerte ei fysisk makt kyrkja sjølv ikkje rådde over. 

Normalsituasjonen var då òg at dei to delane av statsmakta samarbeidde. Men grunnlaget for samarbeidet var den formelle delinga av statsmakta i Guds to hallar på jorda, der kongens og hans lover hadde tilhald i den eine, og kyrkja med sin kristenrett hadde tilhald i den andre. I praksis førte dette skilje til at dersom ein ønskte skilsmisse var sjølve løyve til skilsmisse eit åndeleg spørsmål sidan ekteskapet er eit sakrament, medan ei eventuell fordeling av ektefellane sin formue var eit verdsleg spørsmål. Så sjølv om religion var ein integrert del av alle samfunnssfærar i mellomalderen, og konge som biskop hadde som oppgåve å fremma Guds vilje på jord, fast det likevel skilje mellom det verdslege og åndelege som var ein realitet og direkte påverka rettssubjekta sin rettslege stilling.

I Den eldre Gulatingslova og Frostatingslova finst det fleire hemnreglar som gjer hemn både legitimt og til eit plikt. Med Landslova av 1274 vart hemn derimot generelt forbode, og berre tillete dersom kongen sine tenestemenn ikkje forfølgde brotsmenn, eller om den skjedde på staden som direkte svar på eit åtak. Og den som ikkje kunne betala gjelda si, kunne berre gjerast til skuldtræl dersom han sjølv var skuld i sin fallitt. Det er heilt symptomatisk at det vert vist eksplisitt til Gud i regelen om fattige si gjeld i Landslova, fordi det gjennomgåande er vist til Gud og Guds lov i lovboka. Meir konkret kan ein seia at det er Guds domstol på den siste dag som erobrar den timelege domstolen i denne verda. Dette skjer ved at den argumentasjonen ein kan føra i møte med Vår Herre, vert gyldig òg ovanfor dei verdslege dommarane.

Ein må sjå føre seg den bryske vikinghøvdingen som trer fram for Gud den allmektige og på spørsmål om kva han har gjort for dei minste av oss, som frigjevne trælar, svarar at han kasta dei i ei grav på kyrkjegarden og fødde den som levde lengst. Eller at han tok dei inn i sitt hus og dreiv dei til arbeid med slag både ovantil og nedantil. Når kristninga hadde kome så langt at ein kunne sjå føre seg Guds vreide over eit slikt svar, var grunnlaget lagt for den endringa som kom alt med Frostatingslova, og deretter vilkårslaust vart gjennomført i Landslova. På ein paradoksal måte kan ein seia at i løpet av 1200-talet fekk den sterkaste sin rett eit nytt innhald. Prinsippet gjekk frå å vera at ein tok større omsyn til behova til den sterkaste enn til den svakast, til at ein erkjente Gud som så allmektig at alle under Han treng Hans omsut og nåde. Sidan kongen skulle forvalta Guds dommar på jorda, skulle han og hans dommarar difor døma som Gud sjølv ville ha gjort. Den omsut og nåde som Vår Herre viste alle, vart det dermed kongen si oppgåve å visa alle sine undersåttar, som dermed alle vart medlemmar av det framveksande statssamfunnet. Som det heiter i den bøna kongen ifølgje Kongsspegelen skulle be til Vår Herre: «Derfor ber jeg at du gir meg den rette dømmekraft, måtehold og evne til å se det rette, ord og hensikt og gode vilje, så jeg kan skifte og dømme slik mellom rik og fattig at du finner behag i det.»

Men Gud var ikkje berre ein gud som gav omsut og nåde, men òg ein refsande Gud som stilte krav til menneske. Dermed kunne menneske stilla krav til kvarandre, og ifølgje Kongsspegelen var det kongen si oppgåve å bruka «det refsingssverd» som Gud hadde gjeve han i hende, og «hugge med det når det trengs […] slik kong Salomon gjorde, da han la Joab under refsingssverdet og mange andre som han la under rettferdig straff.» Difor heiter det òg om tiggarar i både Frostatingslova og Landslova av 1274 at

Hver fuldvoksen mand, som gaar husimellem og tigger almisse, han har ingen retsbot at kræve for sig, saalænge han gaar med betlerstav, selv om han mot sin vilje blir jaget væk, om han er frisk og arbeidsfør, med mindre han søker teneste og ikke faar.

Med andre ord måtte ein arbeidsfør tiggar som valte å tigga framfor å ta seg arbeid, tåla å verta refsa med ein omgang juling. Og det overordna målet med retten var å heile tida gje kvar og ein eit «like stort mål av rett og billighet», som det heiter i Kongsspegelen. Det var nemleg slik Vår Herre sjølv utmålte straffa over Adam og Eva, og det ein kvar av oss kan venta vil vera grunnlaget for den endelege dom på den siste dag. Difor måtte det òg vera den overordna norma for kongen si styring av sitt rike og dermed for hans lovgjeving.

I Den eldre Gulatingslova var den svake òg så rettsleg svak at vedkomande ikkje var eit fullverdig samfunnsmedlem, og det var den svake sitt problem. Med Landslova av 1274 fekk kongen ansvaret for å gje sjølv den svakaste vern og rettar etter lova slik at vedkomande vart medlem av det framveksande statssamfunnet. Denne endringa i retten var mogeleg fordi kristne verdiar gradvis erobra det rettslege rommet, og fordi kongen henta mykje av sin autoritet av å forvalta Guds vilje og rett i sitt rike. Dette er ei endring som peikar fram mot med Grunnlova av 1814.

Den allmektige Gud, og den allmektige staten

Medan den eldre Gulatingslova viser at Gud hadde fått en plass i samfunnet, ser ein av Frostatingslova at Gud var på veg inn i retten, og med Landslova av 1274, og dei andre lovarbeida, kom Gud og hans vilje til å trona øvst i rettshierarkiet. Kongen si oppgåve var å gjera denne viljen til ei verkande kraft på jorda i sitt rike. Og slik var det framleis då Grunnlova vart skriven og vedtatt på Eidsvoll våren 1814. Difor var kongen etter Grunnlova kongen «af Guds naade» etter § 81, og det var grunnen til at han etter § 11 skulle sverja at «Jeg […] ville regjere Kongeriget Norge i Overensstemmelse med dets Constitution og Love; saa sandt hjelpe mig Gud og hans hellige Ord!», jf. § 44. Difor skulle kongen «stedse have bekjendt og bekjende sig til den evangelisk-lutterske Religion, haandhæve og beskytte denne» etter § 15, og etter § 16 «anordner al offentlig Kirke- og Gudstjeneste, alle Møder og Forsamlinger om Religionssager, og paaseer, at Religionens offentlige Lærere følge de dem foreskrevne Normer». Sidan kongen skulle iverksetja Guds vilje gjennom embetsmennene sine, måtte dei òg «bekjende sig til den evangelisk-lutterske Religion» etter § 93. 

Tanken om at kongen måtte verkeleggjera Guds vilje i sitt rike var med å legitimera ei utviding av staten sin kompetanse i høgmellomalderen fordi ein frykta konsekvensane ved at ein ikkje skulle lukkast med dette. For den Gud vi møter i Kongsspegelen, er ein overvakande og nøyereknande Gud som samlar informasjon for å fella ein rett dom over kvar og ein på den siste dag. Men Gud kan òg gripa inn og straffa ugjerningsmenn lenge før den tid. Mennesket sin hemn vart forbode med Landslova, og i staden var det Guds hemn ein no skulle frykta, og som skulle verka som allmennpreventiv kraft i samfunnet.

Frykta for Guds hemn vart enno sterkare med reformasjonen. Ei årsak til dette er revitaliseringa av Det gamle testamentet. Her vert Vår Herre jamt og trutt fortørna over synd. Men ikkje berre straffar Han syndarane der, men òg heile samfunn som ikkje sjølv tek eit oppgjer med og straffar eigne syndarar. Sodoma og Gomorra er sjølve kroneksempelet på dette. Medan kristninga sitt inntog i den rettslege sfæren i høgmellomalderen gjorde at ein byrja å stilla strenge krav til korleis ein skulle handsama brotsmenn, men òg alle andre som hadde ei sak på tinget, vaks det no fram eit krav om at ein måtte røkta ut og straffa syndarar ved menneskeleg dom før Gud mista tålsemda si og straffa heile samfunnet der syndaren oppheldt seg.

Sjølv om det ikkje er nokon grunn til å tru at det var meir sedløyse etter reformasjonen enn før, var det god grunn til å føla at så var tilfellet fordi ein mangla eit apparat til å handsama synda.

Løysinga på problemet var todelt. For det fyrste bygde kongen ut rettsapparatet frå 1590 til 1797. For det andre, og det er det som er tema her, måtte ei moralsk oppvakning til. Viss ikkje ville alle snart lida under Guds straffedom.

Kongen tok ansvar, og på 1600- og 1700-talet strama han gong på gong opp lovgjevinga for å heva det moralske nivået i riket og slik sikra seg mot Guds straffedom. Fram mot 1814 og Grunnlova var altså Gud vreid i over 200 år, og synd representerte eit konstans trugsmål mot samfunnet. Når «den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion», og «Jesuitter og Munkeordninger maae ikke taales» etter § 2, og når trykkefridomen etter § 100 ikkje kunne nyttast til å fremma «Ringagt mod Religionen», var det tiltak i denne samfunnsbevarande tradisjonen som var med å utvida denne statlege styringskompetansen.

Men det vi finn i Grunnlova, er meir reminisensar av frykta for Guds straffedom, og den vart ikkje trekt fram på Eidsvoll som grunngjeving for desse reglane. For Guds vreide, om enn ganske konstant, endra karakter saman med gudsbiletet fram mot Grunnlova. Medan Gud på 1600-talet heile tida var til stades i samfunnet, vart Han etter kvart særleg til stades for dei som bad, før Gud bare verka i samfunnet ved kunnskapsbasert påkallinga. Og med auke i kunnskapsmengda kunne kongen og hans embetsmenn direkte utøva Guds vilje utan å påkalla Han i utrengsmål. Dermed kunne Gud trekkja seg meir og meir tilbake og gradvis overlata menneska sin velferd til staten. Så når kongen i 1814 ville «regjere Kongeriget Norge i Overensstemmelse med dets Constitution og Love; saa sandt hjelpe mig Gud og hans hellige Ord», var det eit løfte om å nytta kunnskapsbasert styringsinstrument og ikkje om dagleg bøn, slik Magnus Lagabøter hadde vorten mana til gjennom undervisninga i Kongsspegelen.

På 1600-talet var Gud ein hærførar som stod på den eine sida av slagmarka. På den andre sida stod Satan. Denne kosmiske kampen vart reflektert i rettsprotokollane. For det fyrste var språket prega av førestillinga av ein hærførande Gud i ein kosmisk kamp gjennom at Han og djevelen vart referert til like ofte, og gjerne i same situasjonane, som to krefter som dreg menneske i kvar si retning – mot det vonde og mot det gode. For det andre fordi det fanst saker som direkte spelte på denne kosmiske kampen. Trolldomssakene er dei mest kjente, men like talande er djeveltilskrivingssakene, der ein gav si sjel etter døden til Satan, og slik vart hans stridande soldat, mot gjenytingar i dette livet. Men dette var ein dårleg avtale, fordi alt indikerte at Gud var i ferd med å vinna den kosmiske kampen. Og førestillinga om den stridande Gud må frå om lag 1690 vika litt etter litt for førestillinga om den allmektige Gud.

Før har Gud vore den gode som rådde over velsigningar, og Satan den vonde som rådde over forbanningar. Når hinmannen tapar terreng i kampen mot Gud, vert all makt overført til Gud. Gror graset, får sauene lam, kjem silda inn til kysten så er det Hans forteneste. Gjer ein storm at eit skip går på grunn, er nokon fødd blind eller vert nokon sjuke og døyr så er det òg Guds gjerning. Det fyrste er nådegjerningar, medan det andre er velfortent straff. Men begge tilfelle er eit utslag av at Gud har vorte allmektig, og at Han konstituerer si makt gjennom å styra kvar detalj av livet på jorda.

Det er sigeren over Satan som gjer Gud allmektig, og dette er eit makt Han ikkje mister fram mot 1814. Men det er ei makt staten skal koma til å utøva på Guds vegner når Gud etter kvart tekk seg meir tilbake på slutten av 1700-talet. Gud glir òg langsamt ut av kvardagen og vert meir ein Gud for søndagen og gudstenesta. Ein forstår det vonde som eit kunnskapsproblem meir enn eit nærværsproblem. Det vil seia at ein ikkje lenger forstår det slik at nærvær med Gud fører til at ein handlar rett. For å handla rett treng ein i staden innsikt i og kunnskap om Gud og Hans vilje.

Konfirmasjonsundervisninga etter ordninga av 1736, og omgangsskulen etter ordninga av 1739, byrja altså å påverka gudsførestillinga ved at evne til å handla rett vart eit kunnskapsspørsmål. Og den som handla gale, skulle ikkje berre tuktast og formanast til å søkja Gud, men òg undervisast. Tukthuset vart samstundes meir og meir eit fengsel som kunne tilby begge delar. Men på grunn av konfirmasjonsundervisninga, omgangsskule og tukthus, og andre institusjonar som vart bygd opp og ut, kunne altså Gud trykt trekkja seg tilbake frå kvardagen og overlata kampen mot synda til flittige embetsmenn og andre statstenarar på jorda. Gud var dermed eit kunnskapsobjekt i statsoverbygninga og ikkje sjølv direkte handlande.

Det er heilt påfallande at samstundes med denne utviklinga i gudsførestillinga, byrjar termnar som staten, medborgarar og borgarsamfunnet å dukka opp i rettsprotokollane i overgangen mellom 1700- og 1800-talet. Til dømes heiter det i 1801 at «Enhver Borger har Ret at fordre Sikkerhed af Staten». Det er altså ikkje Gud sjølv, men staten som aktivt sikrar borgarane deira velferd. Bak staten står Gud – kongen er trass alt konge av Guds nåde. Men konge regjerer òg i kraft av «Rigets Constitution».

Grunnlova er sjølve stiftingsdokumentet for både staten og borgarsamfunnet, og det som transformerer undersåttane til medborgarar. Gud er ein del av overbygninga til konstitusjonen, og eit tema i den, men det er konstitusjonen og ikkje Gud som frå no av utløyser den aktiviteten i staten som direkte påverkar borgarane sine liv.

Gudsførestillingar kom slik til å påverka utvidinga av staten sin styringskompetanse på to måtar etter reformasjonen. For det fyrste gjorde bortfallet av kyrkja som ein del av statsmakta, og frykta for Guds vreide, at kongen måtte aktivt kontrollera og styra borgarane. For det andre skulle kongen og hans embetsmenn etter kvart koma til å forvalta Guds allmakt på jord. For etter å ha sigra over Satan og manifestert si allmakt, trekkjer Gud seg tilbake òg overlet til staten med sine institusjonar og sine embetsmenn å sikra menneska sin velferd.

Statssamfunnet som vart etablert i høgmellomalderen, ikkje minst gjennom dei kristne verdiane si erobring av retten gjennom Magnus Lagabøter si lovgjeving, vart dermed langt meir styringsaktivt og -dyktig gjennom gudsførestillingane og deira endring på særleg 1600- og 1700-talet.

Gud, religion og Grunnlova    

Det er ikkje dei kristne verdiane si erobring av retten i høgmellomalderen, eller endra gudsførestillingar frå midten av 1600-talet og fram mot 1814, som skapte den staten og det borgarsamfunnet Grunnlova konstituerer. Men begge hendingane er viktige for at naturrettslege førestillingar om samfunnskontrakten og individuelle rettar skulle få den konsekvensen som dei fekk under grunnlovsarbeidet april og mai 1814.

Dei mange referansane til Gud og religion i Grunnlova viser korleis desse faktorane ikkje berre hadde spelt ei historisk rolle, men var ein del av eidsvollsmennene sin forståingshorisont. Utelet ein Gud og religion frå historia om 1814, får ein dermed berre tilgang til delar av det historiske fundamentet for grunnlovsarbeidet og den forståingshorisonten som Gunnlova kom til innanfor.

Artikkelen er en forkortet utgave av et kapittel i boken «Vor kristne og humanistiske arv» fra Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider, som kom ut i forbindelse med grunnlovsjubileet i 2014.

Denne artikkelen er den tredje i Artikkelserie 2019 i Skaperkrafts JUBTI-prosjekt. Her inviterer vi inn eksterne skribenter som bidrar med sine egne synspunkter og refleksjoner. Du kan lese alle artiklene og mer om JUBTI-prosjektet her.

Anbefalte artikler

Daniel Joachim Kleiven ser mye positivt med AI, men ser også grunn til bekymring. Ikke av AI i seg selv, men menneskene som bruker det med onde hensikter.
Av Daniel Joachim H. Kleiven
Publisert 19. februar 2024
Digitalisering har erstattet lærebøker, papir og blyant. Men i dag øker skepsisen.
Av Joel Samuel Halldorf
Publisert 16. februar 2024
Del innhold