Illusjonen om folkekyrkja

Vag velvilje er ikkje nok. Kyrkjene må finne att fotfestet i si tru og sine grunnleggjande livsformer.

I eit innlegg på Verdidebatt.no nyleg skriver Vårt Land-redaktør Helge Simonnes at når godt over 50 prosent gifter seg uten kirkelig medvirkning, forteller det at folkekirken sliter tungt. Det har han heilt rett i. Denne modige innsikten burde no spreie seg til fleire; til den kyrkjelege leiarskapen, til grasrota og til politikarane. Tida burde vere inne til ikkje berre å unngå bortforklåringane, men òg til å unngå å pøse på med medisin av typen meir av det same, meir folkekyrkjeretorikk og stadig nye freistnader på å oppretthalde status quo. Det blir oftast teke for gjeve at folk tviheld på dei kyrkjelege handlingane, trass i manglande kyrkjegang og tilslutting til kristen tru og moral. Men empirien seier altså noko anna, sjølv om statistikkane går litt opp og ned frå år til år.  Ferre blir døypte, ferre blir konfirmerte, det er til og med ferre som går til julaftansgudstenesta, sjølve det folkekyrkjelege flaggskipet  og altså: Under helvta av ekteskapsinngåingane skjer i kyrkja. Sjølsagt er det stadig mange som sluttar opp, men folkekyrkjeargumentet inneber nettopp at folket, altså den store majoriteten heng med, tydeleg og aktivt.

Gravferda gjenstår, men også her må ein rekne med at alternativa vinn fram og dessutan er presset mot det direkte kristne innhaldet i songar og liturgi stadig stigande. Kor kyrkjeleg er eigentleg den kyrkjelege gravferda for tida? Og er ei kyrkje verkeleg tent med å ha gravferda som si fremste merkevare? Vi må òg huse på at grunnlaget for den tradisjonelle stats- og folkekyrkja er endra i vår tid. Den drastiske omdefineringa og reduseringa av kristendomsfaget i skulen seier alt om det. Men illusjonen gjeld ikkje berre fakta; det gjeld også trua på at ein skal kunne oppretthalde massetilslutning til kristendom og kyrkje i eit pluralistisk og liberalt samfunn som vårt. Det let seg nok gjere å ha førestellingar om det, dersom ein legg lista lavt og er nøgd med den nominelle statistikken og einskilde (sovande) lovparagrafar  sjølv om altså dette også er på vikande front. Resultatet blir oppslutning basert på politiske og trusmessige kompromiss. Kyrkja får behalde plassen på fremste benk mot å sitje stille og ikkje forstyrre for mykje.

Nokre ynskjer seg gjerne tilbake til tider då kyrkja hadde meir reell politisk og jurdisk makt og folkepedagogisk prestisje. Det er sjølsagt også å leve i illusjonane og nostalgiane si verd. Ein grunntanke i den aktuelle folkekyrkjeideologien, både på poltisk og kyrkjeleg hald, er at deltaking i gudstenesta og kyrkja si truvedkjenning ikkje er avgjerande. Bruk av dei kyrkjelege handlingane som overgangsritar og deltaking i ulike aktivitetar blir sett på som like viktige. Støtte til kristne verdiar, likeeins, sjølv om det er nokså uklårt kva en legg i det. Den kristne kulturarven er vevd inn i vårt samfunn, sa Høgres nestformann Bernt Høie, nyleg. Heller ikkje for Høgre ser det ut til å gjelde på område som abort, ekteskaps- og familieetikk, der partiet har forlete dei tradisjonelle og allmenkyrkjelege posisjonane. Ein verdikonservativ profil kan det neppe kallast. Høye legg dessutan til: Kirkens og den kristne kulturarvens betydning kan ikke avleses i antal fremmøtte på gudstjeneste en vanlig søndag.  Men det er nettopp det vi kan. Heile folkekyrkjeballongen ville sprekke dersom ein våga å innsjå at kyrkja i det lange løp ikkje står sterkare enn den ordinære og regulære oppslutninga om forkynninga og nattverdfeiringa på Herrens dag.

Den britiske journalisten Peter Hitchens er bror til den nyleg avdøde rabiate nyateisten, Christopher Hitchens. Peter var sjølv ivrig ateist i ungdomsåra, men kom seinare tilbake til trua og kyrkja. I boka «The Rage against God» fortel han om sitt møte med ei moderne biletframstelling av historia om Den fortapte sonen: Han kjem heim, den forsarva bilen står i bakgrunnen, ingen kjem i mot han med opne armar, huset er tomt og forfalle, ingen gjøkalv i sikte, berre beingrinda av eit dyr grin mot han i det uslegne graset. Når Hitchens ser biletet, blir han slegen av sitt eige svik. Kyrkja han møtte, var broten ned både utanfrå og innanfrå, og det råkar han i hjartet: Where had I been when I was needed? Kvar hadde eg vore då eg trengtest? Dersom vi verkeleg ynskjer å ta ansvar for kristendomens framtid i vårt land, er det ikkje lenger nok med vag godvilje og nominell tilslutning. Alle dei gamle kristne nasjonane, protestantiske som katolske eller ortodokse, møter denne utfordringa. Kyrkjene må finne att fotfestet i si tru og sine grunnleggjande livsformer. Vi treng ikkje uendelege bekreftingar på at alt er i orden. Men djup kjærleik, og eit kall til forsoning med vår Skapar.

Skrevet av nå avdøde pater Arnfinn Haram.

Anbefalte artikler

Daniel Joachim Kleiven ser mye positivt med AI, men ser også grunn til bekymring. Ikke av AI i seg selv, men menneskene som bruker det med onde hensikter.
Av Daniel Joachim H. Kleiven
Publisert 19. februar 2024
Digitalisering har erstattet lærebøker, papir og blyant. Men i dag øker skepsisen.
Av Joel Samuel Halldorf
Publisert 16. februar 2024
Del innhold