Monopolstaten

Kor ope er eigentleg det opne samfunnet som blei proklamert og feira i etterkant av 22. juli? Ingen ting kan verke meir ugjennomtrengeleg enn sjølvformulerte honnørord, særleg når dei inngår i retorikken til regimet og fungerer som ei manifestering og ein representasjon av sjølve folkemeninga.
15. April 2013

Kor ope er eigentleg det opne samfunnet som blei proklamert og feira i etterkant av 22. juli?

- Ingenting kan verke meir ugjennomtrengeleg enn sjølvformulerte honnørord, særleg når dei inngår i retorikken til regimet og fungerer som ei manifestering og ein representasjon av sjølve folkemeninga.

Når parolen "mer åpenhet!" lyder, er det viktig å spørje: For kven? Nyleg har helsestyremaktene, både på minister- og byråkratplan vendt tommelen tydeleg ned for fastlegar som hevdar sin reservasjonsrett på ein del område som har med abort, surrogati, familie- og seksualetikk å gjere. Slike fastlegar er det ingen "åpenhet" for. Reaksjonane har vore mange, sterke og rettkomne. Men det er grunn til å spørje om ein har lagt seg på ei alt for smal line i argumentasjonen. Umiddelbart er det apellen til den individuelle samvitsfridomen som melder seg for dei som vil forsvare reservasjonsretten. Det er sjølsagt legitimt, ikkje minst i eit samfunn som nettopp rosar seg av å vere ein liberal og open rettsstat. Ved nærare ettertanke spørst det likevel om ikkje denne tankegangen spelar overtydingsfridomen rett i armane på motparten. Den moderne staten nedstammar frå Opplysingstida, i særleg grad frå politiske filosofar som Hobbes og Locke. På kvar sin måte meinte dei at det er naudsynt med ein sterk og einerådande stat for både å sikre og styre nettopp den individuelle fridomen. Mellom staten og individet skal det ikkje vere mellominstansar av offentleg karakter. Religionen er anten underlagt statsmakta, eller forlagt – for ikkje å seie fortrengt – til privatsfæren. Det er berre slik ein kan oppnå at kyrkja og liknande fellesskapar ikkje blir ein sjølvstendig politisk referanse som forstyrrar den liberale utopien. Kyrkja har etterkvart vent seg til si privatiserte rolle og utvikla ei tilsvarande redusert sjølvforståing. Ho får bidra med seremoniar i ulike livsfasar og er elles noko ein assosierer med fritids- og kultursektoren. Langt inn i krinsen av truande høyrer ein stadig at kyrkja ikkje må blande seg i politikken, anten motivasjonen er at ho er for radikal eller at ho er for konservativ. Det ein då misser på vegen, er at kyrkja etter sitt vesen er ein konkret og forpliktande trusfellesskap som har med alle sider av livet å gjere. Ho er ein fellesskap som er lærande, forkynnande, liturgisk og sakramental, men også diakonal og sosial, ja, politisk. Ikkje berre slik at det sosiale er hekta på det åndelege som ein tilleggskvalitet; nei, det spring direkte ut frå sjølve senteret i kyrkja sitt liv. Ho vedkjenner si tru midt i verda, ho tek offentleg til orde med si forkynning og rettleiing, ho feirar Kristi nærvere i nattverden og framstår difor som eit gudsfolk i levande tru og aktiv kjærleik. Kyrkja er Kristi kropp i verda – og difor er nettopp den kroppslege sida av truslivet grunnleggjande viktig. Som truande utgjer vi ikkje berre ein åndeleg, men ein kroppsleg fellesskap, eit verkeleg samfunn. Fylgjeleg er det ei alvorleg svekking av kyrkja sitt liv når forvaltinga av kroppen og sosialiteten blir flagga ut til det sekulære samfunnet. Der har den truande òg eit kall, men det som profilerer og informerer vår praksis, skulle vere vår einskap med Kristus i kyrkja. På denne bakgrunnen burde det vere klårt at kyrkja både forpliktar og rettleier den truande i hans eller hennar liv og kall i det sekulære samfunnet. Fastlegar som vil arbeide utfrå ei kristen overtyding, skal ikkje berre kunne vise til sitt private standpunkt og sitt personlege samvit, men til trusfellesskapen i kyrkja, til den kristne disippelfellesskapen. I lydnad mot- og i einskap med han som sa: "Lær dei å halda alt det eg har bode dykk". Ein verkeleg liberal stat er ein stat som gjev fridom ikkje berre til individet, men til eit mangfald av fellesskapar, instititusjonar og samanslutningar i det offentlege feltet.  Vi treng i høg grad ei styrking av sivilsamfunnet, ikkje som eit kompleks av ufårlege aktivitetar, men som ein arena med fullt kompetente medaktørar i den etiske og politiske utviklinga. Kyrkja, på si side, må ta eit oppgjer med privatiseringa av sitt eige liv og våge å framstå som ein positiv og modig motkultur. Både i høve til helseetaten og elles.

Litteratur:

William T Cavanaugh: Migrations of the Holy: God, State, and the Political Meaning of the Church, William B. Eerdmans Publishing Company, 2011 William T Cavanaugh: The Liturgies of Church and State, Liturgy, 2005 William T Cavanaugh: Killing for The Telephone Company: Why the Nation-State is not the Keeper of the Common Good , Blackwell Publishing  2004 Peter Gay: The Enlightenment. The Rise of Modern Paganism, W W Noron & Company, New York, 1966/1977 Michaell Allen Gillespie: The Theological Origins of Modernity, The University of Chicago Press, Chicago, 2008 Arnfinn Haram: Mellom privatreligion og teokrati, Kirke og kultur, 2006        

Del


p.Arnfinn Andreas Haram (1948-2012, styremedlem 2011-2012) var pater i dominikanerordenen og kantor og prior i St.Dominikus kloster i Oslo. Han var tidligere prest i Den norske kirke. Han deltok hyppig i samfunnsdebatten og var blant annet fast spaltist i avisene Klassekampen og Vårt Land.
Powered by Cornerstone