Krisetal og neglbiing

– Dette er nok meir dramatisk enn sjølv dei mest pessimistiske blant oss hadde frykta, seier Rygg.
Han trur det nå vil bli sjølvransaking internt.
– Ingen kan vere nøgd med å liggje rett over sperregrensa. Dette krev ein kritisk gjennomgang både av strategien og av tenkinga rundt regjeringsspørsmålet, seier Rygg.
– Kvifor blir KrF straffa så hardt?
– Eg trur mange har opplevd at KrF har vingla og vore usikre i regjeringsspørsmålet. Eg tippar at det vil vise seg at mange KrF-arar har stemt anten Ap eller H, fordi dei har vore opptatt av kven som skulle bli statsminister, seier Rygg.
– Korleis vil Knut Arild Hareides posisjon bli påverka?
– Han står framleis sterkt. Dei vala han har tatt, har også partiet tatt. Eg trur vi vil sjå stor samling rundt Knut Arild etter dette, seier Rygg.