Sekulær uro

Frontane ho dreg opp, er unyanserte. I boka er det berre dei kristne mot dei sekulære (ho sjølv), men det hadde vore fullt mogeleg for Vik å alliere seg med kristne argument mot Israel, mot homofrykt, mot kristne friskular, for kjønnsnøytralt ekteskap.
Hadde ho lese seg opp på debattar internt i Kristen-Noreg, ville ho ha sett kristen argumentasjon som langt på veg ville vere samanfallande med hennar eige sekulære perspektiv.
Vi får det gamle biletet: Kristne er reaksjonære og har eit «gamalt tankegods», medan dei sekulære er for fornuft og framsteg. Her er ho positivist. Røyndomen er meir nyansert.