Krisetal og neglbiing

Både KrF og Venstre enda opp med eit elendig valresultat rundt sperregrensa. KrF-kjennar ventar sjølvransaking.
12. September 2017

– Dette er nok meir dramatisk enn sjølv dei mest pessimistiske blant oss hadde frykta, seier Rygg.

Han trur det nå vil bli sjølvransaking internt.

– Ingen kan vere nøgd med å liggje rett over sperregrensa. Dette krev ein kritisk gjennomgang både av strategien og av tenkinga rundt regjeringsspørsmålet, seier Rygg.

– Kvifor blir KrF straffa så hardt?

– Eg trur mange har opplevd at KrF har vingla og vore usikre i regjeringsspørsmålet. Eg tippar at det vil vise seg at mange KrF-arar har stemt anten Ap eller H, fordi dei har vore opptatt av kven som skulle bli statsminister, seier Rygg.

– Korleis vil Knut Arild Hareides posisjon bli påverka?

– Han står framleis sterkt. Dei vala han har tatt, har også partiet tatt. Eg trur vi vil sjå stor samling rundt Knut Arild etter dette, seier Rygg.

Del
Powered by Cornerstone