– Riv ut KrF-hjartet

– I 2013 var det ein unison motvilje mot dei raudgrøne i KrF. Den same motviljen kan me nå få sjå mot dei blå, spår dagleg leiar Filip Rygg i Tankesmien Skaperkraft.
14. September 2015
Logo Klassekampen
Logo Klassekampen

Han trur ikkje KrF har gått gjennom eit politisk skifte, men at partiet opplev ein blåblå regjeringsslitasje. 

– Det påverkar tankemåten til mange KrF-arar å få krevjande saker servert frå Høgre og Frp i regjering. Særleg asylborn-saka er ei sak som riv ut hjartet på mange KrF-arar rundt om i Noreg. 

At det politiske heimfylket hans Hordaland kan verte fyrtårn for nye raudgule samarbeid, trur Rygg er tilfeldig. 

– Her har Venstre, Høgre og Frp styrt saman, og KrF stått på utsida. Det er folk lei av. I Bergen har det vore mykje rot med Høgre-byrådet. Men også her i vest har ein kjent på frustrasjonen over saker i regjeringssamarbeidet. 

Rygg trur nå småpartia kan få ei renessanse i norsk politikk. 

– Både Ap og Høgre kan gjere val ned på 20-talet i 2017. Det opnar for nye, spanande koalisjonar.

Del
Powered by Cornerstone